Organiseringa av Datatilsynet
Datatilsynet har kring 60 tilsette (inkludert studentar) fordelt på mellom anna fagseksjonar, ei administrasjonsavdeling og ei kommunikasjonsavdeling.
Datatilsynet har kring 60 tilsette (inkludert studentar) fordelt på mellom anna fagseksjonar, ei administrasjonsavdeling og ei kommunikasjonsavdeling.
Leiinga i Datatilsynet:
Seksjonen vert leia av seksjonssjef og fungerande juridisk direktør Camilla Gullborg Nervik.
Seksjonen har mellom anna hovudansvar for politi- og justissektoren, utlendingsforvaltninga, helse- og forskningssektoren, offentleg forvaltning, og skule- og barnehagesektoren.
Seksjonen vert leia av seksjonssjef Ylva Marrable.
Seksjonen har mellom anna hovudansvar for bank- og finanssektoren, personvern i arbeidslivet, næringsliv og handel, samt problemstillingar knytta til internett slik som adtech og uønska publisering av personopplysningar.
Til denne seksjonen høyrer også Ressurseining for veiledning og sakshandsaming til. Dette er førstelinjetenesta til Datatilsynet og studentane er tilknytta denne eininga.
Seksjonen vert leia av seksjonssjef Tobias Judin.
Seksjonen har hovudansvar for grenseoverskridande saker, internasjonalt samarbeid og overføring av personopplysningar til tredjeland. Seksjonen koordinerer deltakinga og arbeidet vårt i EDPB (Det europeiske personvernrådet).
Seksjonen vert leia av seksjonssjef Kristine Stenbro.
Seksjonen har hovudansvar for arbeidet med brot på personopplysningssikkerheita (avvikshandtering). Seksjonen skal halde seg oppdatert på teknologiske trender og informasjonssikkerheit. Arbeidet omfattar teknologiske vurderingar av personopplysningssikkerheita, samt tilsyns- og prosjektarbeid.
Seksjonen vert leia av seksjonssjef Kari Lauman.
Seksjonen skal analysere og utrede ulike fenomen og kunnskapen vi kan hente ut gjennom saksbehandlinga, førespurnadar til veiledningstenesta og tilsyn. Seksjonen skal også følgje med på område som påverkar personvernet og politiske prosessar i samfunnet, og har ansvar for kontakt med relevante FoU-miljø.
Avdelinga vert leia av kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl, og har mellom anna ansvar for pressekontakt, datatilsynet.no, Personvernpodden, personvernbloggen.no og sosiale medier.
Dei tilsette i avdelinga gir kommunikasjonsfaglege råd i ulike prosjekt, og produserer veiledningsmateriell og nyheitsmeldingar i samarbeid med seksjonane og leiinga.
Administrasjonssavdelinga vert leia av avdelingsdirektør Thomas Bang.
Avdelinga har ansvar for lønn, rekneskap, budsjett, sentralbord, arkiv, bibliotek, internkontroll, rapportering til overordna departement og HR. Avdelinga handsamar også krav om innsyn i saksdokument.
Til denne avdelinga høyrer også seksjon for intern IKT, sikkerheit og etterleving, som vert leia av seksjonssjef Haakon Hegstad.
Seksjonen har ansvar for å drifte og vedlikehalde Datatilsynets system og infrastruktur. Seksjonen har og ansvar for vårt eige internkontroll- og sikkerheitsarbeid, og skal sjå til at vi etterlever ulike lovverk ved rutinemessige risikovurderingar.