Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser * Ugyldige felter er fylt ut, mail sendes ikke.
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Nettredaktør/ kommunikasjonsrådgjevar

Datatilsynet har ledig ei fast stilling som nettredaktør/ kommunikasjonsrådgjevar i kommunikasjonsavdelinga. Stillinga inneber spanande prosjektleiaransvar framover.

Samfunnsutviklinga og innføring av ny teknologi gir stadig nye utfordringar for personvernet, men også moglegheiter. For å skape større merksemd om og interesse for personvern legg vi stor vekt på kommunikasjon som verkemiddel.

Om stillinga

Vi ser no etter ein person som skal ha hovudansvar for leverandøroppfølging, utvikling og drift av www.datatilsynet.no, samt for vår bruk av digitale medium slik som Twitter og www.personvernbloggen.no. Nett no gjer Datatilsynet seg klar til at den nye personvernforordninga trer i kraft i mai neste år, og vår heimeside skal vere oppdatert når det skjer. Samstundes jobbar vi med å digitalisere dei ulike tenestene våre. Dette er to prosjekt den nye nettredaktøren vil ha ei særs viktig rolle i.

Nettredaktørens daglege arbeid vil elles vere å produsere innhald, publisering, innhaldsforvaltning og strukturering på heimesida, men også kommunikasjonsrådgjeving og anna informasjonsarbeid slik som pressehandtering, vil vere ein del av stillinga.

Kvalifikasjonar

Av formell bakgrunn krev vi høgare utdanning, helst kommunikasjonsfagleg. Du må ha god kompetanse på og erfaring innan webkommunikasjon og strategisk kommunikasjon, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk. Sidan prosjektleiing vil vere ein del av stillinga, må du kunne planlegge og organisere arbeid, og ha stor gjennomføringsevne. God samfunnsforståing og spesiell interesse for personvern og kommunikasjonsteknologi er sjølvsagt ein fordel. Våre medarbeidarar jobbar dessutan i grupper, og webredaktøren vil ha jamleg kontakt med desse. Du må derfor kunne samarbeide med ulike profesjonar.

Av personlege eigenskapar ser vi etter ein person med stor arbeidskapasitet. Du må vere initiativrik, nøyaktig, sjølvstendig, strukturert og analytisk. Du bør også vere sosial og uredd.

Kva kan vi tilby deg?

Vi har eit hyggeleg, tverrfagleg og dynamisk arbeidsmiljø, og vi er sikre på at du vil lære mykje gjennom å arbeide med våre særs kompetente kollegaer. Du vil dessutan få høve til å byggje solid kunnskap gjennom spanande oppgåver på eit utfordrande og viktig arbeidsområde.

Dette er ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar. Lønnsplassering er kr. 482 500 - 650 200,- (ltr. 56-72 i Statens lønnsregulativ). Vi tilbyr gode pensjons‑, forsikrings- og låneordningar gjennom medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Bjørn Erik Thon på telefon 99 00 50 90 eller e‑post bet@datatilsynet.no.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sendast innan 31. mai 2017 til postkasse@datatilsynet.no, eller til Datatilsynet, Postboks 8177 Dep., 0034 Oslo. Merk søknaden med «Søknad på stilling som nettredaktør».

Vi ser på mangfald som ei styrke for arbeidet vårt. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn.

Merk at offentleg søkjarliste vil bli gjort tilgjengeleg for alle som ber om innsyn. Merk også at det ikkje vil bli gitt individuell tilbakemelding på status i søknadsprosessen, men at det vil bli lagt ut informasjon på denne statussida.

Til toppen