Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Fødselsnummer i skule og barnehage

Ein skal ha saklege grunnar til å bruke fødselsnummeret til barn i skule- og barnehagesamanheng. I nokre tilfelle kan det likvel være nødvendig for å sikre tilstrekkelig identifisering.

Bruk av fødselsnummer i skule

I enkelte tilfelle er faren for forveksling av barna spesielt stor, og konsekvensane av ei forveksling kan få uheldige konsekvensar. Bruk av fødselsnummer kan vere nødvendig for ei sikker identifisering av kvar enkelt elev. Dette kan for eksempel gjelde ved:

  • kommunale samordna opptaksprosessar
  • ulike rapporteringsplikter knytt til karakterar i grunnskulen - her krevst større tryggleik når personopplysningar om mange elevar blir brukt

Bruk av fødselsnummer i barnehage

I barnehagesamanheng er det spesielle forhold som talar for bruk av fødselsnummer. Slik sikker identifisering er nødvendig:

  • for å kontrollere føresette sitt inntektsforhold i samband med søknad om redusert betaling
  • dersom du som føresett ønskjer automatisk frådrag i sjølvmeldinga (gjeld for offentlig eigde barnehagar)
  • for å rapportere inn eventuell kontantstøtte til Skatteetaten

Bruk av føresette sine fødselsnummer

Det skal være saklig grunn for å bruke fødselsnummeret til dei føresette, og normalt vil andre måtar å identifisere dei føresette på vere gode nok.

Les meir

Bruk av fødselsnummer generelt

Til toppen