Hopp til hovedinnhold

Tips noen om denne nettsiden


Laster
* Du må skrive inn 2 gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod en uventet feil. Vennligst forsøk på nytt senere
Lukk

Føresette sin tilgang til læringsplattformer i skulen


Barn har rett på privatliv og personvern, og føresette bør difor ha avgrensa tilgang til læringsplattformer i skulen. Innsynsretten bør variere ut i frå barnet sin alder og funksjonar i læringsplattforma.

Ifølgje barnelova har barn ned i sjuårsalderen rett til sjølvbestemming i saker av personleg karakter. Elektronisk kommunikasjon er også personleg slik som når eleven bruker chatt, sender e-post og diskuterer med andre elevar og lærarar.

Datatilsynet meiner at dei delane av læringsplattformene som omfattar personleg kommunikasjon med andre, ikkje skal vere tilgjengeleg for foreldra. Kva opplysingar foreldra kan få innsyn i må vurderast opp mot til dømes opplæringslova, samt kva opplysingar det vil vere naturleg å ha i samband med oppfølging av barnet.

Informasjon om fråvær

Kontinuerleg tilgang til fråværsinformasjonen er inngripande overfor barnet. Difor må skulen gjere ei brei vurdering av kva informasjon som kan seiast å høyre heime i privatsfæren til barnet. I ei slik vurdering vil eleven sin alder og funksjonaliteten i plattforma vere naturlege faktorar som må diskuterast.

Datatilsynet meiner at dei føresette bør ha rett til informasjon om når barnet har passert grensa for akseptabelt fråvær, men dei bør ikkje kunne logge seg inn og sjekke at Ola mellom anna var vekke to timar på tysdag og ein time for tre veker sidan.

Skulane bør opprette foreldrekontoar

Føresette kan i utgangspunktet utøve innsynsrett på vegne av borna. Den beste løysinga er å gje foreldra eigne kontoar slik at dei kan halde seg oppdatert på relevant informasjon, slik at eleven sjølv bestemmer over passord og brukarnamn. Det er betre enn at elevane opplever ”frivillig tvang”, når dei må gje foreldra tilgang til alt eller ingenting. Datatilsynet tilrår at ei slik ordning blir praktisert allereie frå skulestart.

IKT-senteret si rettleiing

Senter for IKT i utdanningen (IKT-senteret) har laga ei eiga rettleiing om føresette sin tilgang til læringsplattformar. I denne rettleiinga kan du lese om kva for ei løysing IKT-senteret anbefaler.

Til toppen