Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Samtykke frå mindreårige

Det er viktig å kjenne reglane for innhenting og bruk av barn og unge sine personopplysningar, både på internett og i andre samanhenger. Her er nokre retningslinjer.

Hovudregelen er at mindreårige som er fylt 15 år, sjølv kan samtykke til innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn som ikkje er blitt 15 år må dei føresette samtykke på vegne av barnet.

To unnatak

Datatilsynet og Forbrukerombodet har sett opp to unnatak frå denne hovudregelen:

  • Sensitive personopplysningar skal berre innhentast med samtykke frå foreldra fram til borna har fylt 18 år. Sensitive opplysningar er blant anna opplysningar om helse, om etnisk bakgrunn, livssyn, og seksuelle forhold.
  • For småkonkurransar og liknande, der enkle kontaktopplysningar berre skal brukast til eventuell premiering og deretter slettast, kan også mindre barn enn 15-åringar samtykke til deltaking sjølv. Her er det likevel ein føresetnad at opplysningane blir sletta etter premiering, at personverntrusselen er vurdert og klassifisert som særs låg, og at konkurransen er eigna for den aktuelle aldersgruppa.

Hugs at eit samtykke alltid skal kunne trekkjast tilbake, både av den mindreårige og av den føresette. Den mindreårige kan trekkje samtykket tilbake sjølv om det var den føresette som opphavleg ga sitt samtykke til behandlinga. Opplysningane skal alltid slettast når eit samtykke er trekt tilbake.

Les Datatilsynet og Forbrukerombudet sine retningslinjer om samtykke frå mindreårige (pdf)

Spesielt om opplysningar om mindreårige på internett

Ikkje publiser bilete, namn og andre opplysningar om barn og unge på Internett utan å ha innhenta samtykke først. Dette kan ha negative konsekvensar, og ein del barn og føresette ønskjer av ulike grunnar ikkje ei slik publisering. Les meir om bilete av born på nett.

Det kan vere gode grunnar til å verne barn og unge mot einskilde miljø eller personar. Opplysningar på Internett er søkbare for alle. Det er enkelt å hente inn informasjonen og bruke han i direkte marknadsføring, vidaresal eller til andre framstøyt overfor mindreårige. Slik bruk av opplysningane er oftast uønskt og i mange høve ulovleg.

Informasjon som mindreårige kan forstå

Eit samtykke skal vere frivillig, uttrykkjeleg og informert. Alle tre krava må vere oppfylte for at samtykket skal vere gyldig. Barn og unge har ikkje like god moglegheit som vaksne til å forstå konsekvensane det kan ha å publisere personleg informasjon på Internett. Informasjonen må derfor tilretteleggjast, og dei føresette skal også informerast.

For at samtykket skal være gyldig er det naudsynt med god informasjon. Samtykket må baserast på informasjon om formålet med publiseringa, at det er frivillig å gi frå seg opplysningane/bileta, kor lenge opplysningane vil liggje på nettsida, kva konsekvensar og ulemper dette kan ha, og eventuelt annan informasjon som er naudsynt for at dei føresette og den mindreårige skal kunne bruke rettane sine etter personopplysingslova. Dess fleire opplysingar som skal publiserast, dess strengare er krava til informasjon.
Les tips til kva ei samtykkeerklæring ved fotografering og deling av bilete av born på nett bør innehalde.

Til toppen