Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Dronar – kva er lov?

Bruk av dronar vert stadig meir vanleg i Noreg. Dei vert nytta både av hobbyflygarar og profesjonelle aktørar. Dronar er ofte utstyrt med kamera som kan samle inn personopplysingar. Når du flyg drone er difor viktig å kjenne til personvernreglane.

Vanlege reglar om behandling av personopplysningar gjeld

Personopplysningslova har ikkje eigne reglar om filming eller fotografering med dronar. Slik filming fell inn under dei generelle reglane om behandling av personopplysningar i lova. Vi kan difor samanlikne dronefilming med bruk av handhaldne fotoapparat, kamera med sterk zoom eller annan kamerateknologi.

Her finn du meir om dei generelle reglane:

Privat, kunstnerisk, litterært eller journalistisk føremål

Dersom du tek bilete eller film med drone for å nytte det i privat samanheng er det normalt heilt uproblematisk. Privat opptak og bruk av personopplysningar er nemleg ikkje omfatta av personopplysningslova. Det er likevel viktig å merke seg at sjølv om filmen frå dronen er lovleg tatt opp, må du som hovudregel ha samtykke frå dei som er filma dersom du deler filmen eller bileta med andre.

Filming med drone til reint kunstneriske, litterære eller journalistiske føremål vert heller ikkje omfatta av personopplysningslova. Slik filming fell som regel innanfor ytringsfridomen. Det kan likevel vere eit greit utgangspunkt å alltid gje informasjon til og be om samtykke frå dei som vert filma så langt det let seg gjere.

Filming med drone til andre føremål

Når det ikkje er mogleg, verken direkte eller indirekte, å identifisere personane som blir filma frå dronen, er det ikkje problematisk å gjere opptak av dei. Årsaka er at slik filming ikkje er ei behandling av personopplysningar.

Flyg du derimot dronen slik at du tar film eller bilete som gjer det mogleg å identifisere andre personar, og filminga ikkje skjer til eit av føremåla som er nemnt over, må du ha eit behandlingsgrunnlag.

Eit behandlingsgrunnlag i eit slik tilfelle kan vere eit gyldig samtykke frå personane som blir filma. I dei aller fleste tilfella vil dette grunnlaget vere det mest praktiske og beste sett frå eit personvernperspektiv fordi ein sjølv kan ta stilling til om ein ønskjer å bli filma.

Et anna og litt mindre praktisk behandlingsgrunnlag, er at du som flyg dronen kan vise til ein velgrunna interesse som veg tyngre enn kravet til personvern. I tillegg må du vise til at det er nødvendig å filme dei personane det gjeld for oppnå hensikta med filminga. Ein kan til dømes tenkje seg eit tilfelle der ein drone vert nytta i ein redningsaksjon i eit fjellområde. Her vil nok interessa for å redde livet til den sakna personen vege tyngre enn tilfeldige turgåarar sitt krav på personvern.

Gje informasjon dersom du filmar andre

Dei som skal fly med drone må være merksame på at filming av andre personar i mange tilfelle utløyser ei plikt til å gje informasjon til dei som blir filma, til dømes om kven som filmar og kva føremålet med filmen er. Slik informasjon er heilt grunnleggjande for at kvar einskild skal kunne ta vare på sitt eige personvern.

Du kan prøve å sjå saka frå synsvinkelen til dei som blir filma. Tenk deg at det kjem eit kamera flygande når du anar fred og ingen fare og er ein stad du forventar å få vere åleine. Ta omsyn til at dei som opplever dette kan kjenne seg overvaka og blir usikre på kva filmen vil bli brukt til seinare.

Meir om retten til informasjon

Publisering av materiell filma med drone

Dersom du skal publisere bilete eller film frå ein drone, skal du som hovudregel alltid be dei som er avbilda om lov. Dette følgjer av både åndsverklova og personopplysningslova.

Meir om publisering av bilde på nett

Dette betyr som nemnt over at sjølv om filmen frå dronen er lovlig tatt opp, for eksempel eit opptak som er gjort for eit rent privat formål, må du likevel som hovudregel ha samtykke frå dei som er filma dersom du vil dele filmen med andre.

Andre reglar om bruk av drone

Frå 1.januar 2016 kom det nye reglar for luftfartøy utan førar. Privat flyging med dronar fell inn under modellfly i det nye lovverket.

Dersom du berre skal nytte dronar privat for leik og hobby, kan du få ei oversikt over reglar og retningsliner på dronelek.no (Luftfartstilsynet).

For dronar som blir brukt til nytte eller kommersielle formål gjeld det eigne reglar som det er viktig å kjenne til. Luftfartstilsynet har laga eigne sider om dette der du kan få ei oversikt. 

Dersom du filmar andre personer i ein situasjon der dei forventar å vere åleine, for eksempel heime i stova eller i sin eigen hage, vil det å filme dei kunne reknast som ei krenking av privatlivets fred. Slik krenking er regulert i straffelova og kan anmeldast til politiet.

Kva kan du gjere dersom du opplever å bli filma av ein ukjent drone?

Dersom du ser ein drone og lurar på om han filmar og kva filmen eventuelt skal nyttast til, anbefaler vi at du spør føraren av dronen direkte. Dei fleste som flyr slike ubemanna fartøy gjer det for moro skuld, og det er ikkje eingong sikkert at fartøyet gjer opptak, at det vert lagra eller at eit eventuelt opptak nokon gong vil bli publisert.

Dersom du ikkje ser føraren av fartøyet, eller de ikkje blir einige, kan du ta kontakt med politiet og eventuelt rapportere føraren/hendinga.


Kva meinar befolkninga om bruken av dronar?

Til Personverndagen 2013 gjennomførte Datatilsynet ei undersøking for å finne ut kva eit representativt utval av befolkninga synest om blant anna dronar. Resultata visar at over 90 prosent er positive til bruken av dronar i redningsaksjonar og i politiet. Dei er litt mindre positive til overvaking av folkemengder ved demonstrasjonar og svært lite positive til media og eigedomsmeklarar sin bruk av dronar.

Les meir om dette på side 31 i Personvern - tilstand og trender 2013 (pdf)

Spørsmål og svar

Til toppen