Hopp til hovudinnhald

Tips nokon om denne nettsida


Lastar
* Du må skrive inn to gyldige e-postadresser
Ditt tips er sendt
Det oppstod ein uventa feil. Prøv på nytt seinare
Lukk

Slektsgransking

Slektsgransking er ein svært populær hobby i Noreg, men kva kan du eigentleg publisere på nett?

Open eller lukka nettside?

Det første som avgjer kva du kan publisere av slektsopplysingar på nett er om publiseringa skjer på ei nettside som er open eller lukka. Dersom slektsopplysingane ligg på ei lukka side som berre er tilgjengeleg for nokon få personar med brukarnamn og passord, er det inga avgrensing på kva du kan publisere. Det er fordi ei slik publisering vil bli sett på som privat.

Skilnad mellom levande og døde personar

Dernest er det eit spørsmål om personen som vert omtalt er død eller levande. Opplysingar om døde personar er ikkje verna etter norske personvernreglar. Derfor kan du publisere opplysingar om døde personar, dersom ikkje opplysingane også seier noko om levande personar. I slike tilfeller vert det kravd samtykke frå den levande personen. Dette gjeld til dømes viss opplysningane seier noko om arvelege sjukdommar.

Du kan imidlertid ikkje fritt publisere bilete av ein død person på nett før 15 år etter utlaupet av dødsåret (sjå Åndsverkloven § 45c).

Kva tid må du hente inn samtykke?

Er slektsforskingsopplysingane knytt til levande personar, og publisert på ei nettside som er open for fleire enn ein mindre krets (til dømes næraste familie eller nær venekrets? I slike tilfeller skal du hente inn samtykke frå personen eller personane opplysingane gjeld. Unnataket er for opplysingar om:

  • personnamn
  • slektstilknytting

Grunnen er at personverntrugselen vert sett på som liten når opplysingane til ein viss grad allereie er offentleg tilgjengeleg.

Viss opplysingane derimot er meir detaljerte enn personnamn og slektstilknytting, har du plikt til å hente inn samtykke frå personen eller personane som vert omtala før du publiserer personopplysningane.

Respekter folks ønskje om anonymitet

Sjølv om du som slektsgranskar berre publiserer personnamn og slektstilknytting på nett, bør du ha respekt for at menneske har ulik terskel for kva ein meiner er greitt av netteksponering. Dersom du blir kontakta av nokon som vil fjerne/anonymisere namnet sitt frå ei slektsgranskingsside, bør du kome eit slikt ønskje i møte.

Til toppen