Korleis få sletta profil i sosiale medier

Har du rett til å få profilen din sletta frå nettet? Og kan nettenester som Facebook nekte sletting mot din vilje?

Brukarar finn ofte ikkje framgangsmåten for sletting av sin eigen profil på ulike nettstader. Ein del tenester har ikkje noka løysing for å slette profilen eller kontoen. Kanskje får du tilbod om deaktivering, men ønskje om permanent sletting blir avvist.

Les meir om sletting av profilar på slettmeg.no.

Du har rett til sletting

Når du opprettar ein profil eller konto, samtykker du til at nettenesta kan lagre og behandle relevante personopplysingar. Du kan kva tid som helst trekkje tilbake samtykket. Like lite som nokon kan tvinge deg til å opprette ein nettprofil, kan nokon nekte deg å slette profilen som du sjølv har oppretta.

Nokre nettenester nektar å fjerne brukarprofilar ”fordi systemet ikkje tillet det”. Dette er ingen gyldig grunn for å vike frå hovudregelen om sletting. Dersom ItTsystemet til ei netteneste ikkje klarar å slette profilar, må systemet endrast.  

Det finst likevel ingen hovudreglar utan unnatak:

Kva står i avtalevilkåra?

Hugs å lese gjennom avtalevilkåra! Når du opprettar ein profil eller konto, aksepterer du nemleg bestemte vilkår. Vi har fleire gongar opplevd at ei nettside har ein reservasjon mot sletting av profilen eller kontoen i sine vilkår. I så fall er ikkje brukarens rett til sletting like sterk.

Norsk eller utanlandsk netteneste?

Eit anna unnatak frå hovudregelen om sletting, er om nettenesta er utanlandsk. Det hjelper lite om norsk lov sikrar retten til sletting dersom nettenesta er lokalisert i eit land med heilt annan lovgjeving.

I situasjonar der ein ikkje har nokon formell rett til sletting, kan ei løysing vere å tømme profilen/kontoen for mest mogleg personleg informasjon slik at han ikkje lenger vert kopla til deg som person.