Datainnbrot hos Sykehuset Innlandet
Datatilsynet mottok den 23. august ei avviksmelding frå Sykehuset Innlandet. Dei skildra der at det har skjedd eit datainnbrot i fleire av sjukehuset sine datasystem. Saka er nå no teke opp til behandling.

Innbrotet blei oppdaga av Sykehuspartner, og Datatilsynet blei umiddelbart varsla. Sjukehuset jobbar no med å kartleggje omfanget av innbrotet, og ser på ulike sider av hendinga. Dei vurderer fortløpande kva for informasjon dei skal gi til dei som er omfatta av brotet og i kva for ei form.
- Det er viktig at sjukehuset no får klarlagt kva som har skjedd, lukkar eventuelle hol i sikkerheita og at dei bistår dei som er omfatta av brotet slik at konsekvensane blir minst moglege for desse, sier seksjonsleder Camilla Nervik i Datatilsynet.
Sjukehuset har også vore i kontakt med Datatilsynet for å få råd om oppfølginga av saka, og vi vil hjelpe så langt det er hensiktsmessig. Frå vår side avventar vi handsaminga av det meldte avviket til saka er nærmare utreda av sjukehuset.