Utset digitalt grenseforsvar
Regjeringa har varsla at kapitla om tilrettelagt innhenting i den nye etterretningstenestelova ikkje trer i kraft 1. januar 2021 som planlagt. Datatilsynet er nøgde med den foreløpige avgjerda.
Regjeringa har varsla at kapitla om tilrettelagt innhenting i den nye etterretningstenestelova ikkje trer i kraft 1. januar 2021 som planlagt. Datatilsynet er nøgde med den foreløpige avgjerda.
Regjeringa vil forsikre seg om at reguleringa av tilrettelagd innhenting i den nye lova er utforma i tråd med Noreg sine folkerettslege plikter, og utfører no ein analyse av EU-domstolen sine avgjerder som kom 6. oktober 2020. Analysen vil vise om det må gjerast justeringar i desse kapitla før dei trer i kraft.
Les heile pressemeldinga (regjeringen.no)
– Regjeringa si avgjerd er i tråd med dei anbefalingane Datatilsynet har gitt i fleire omgangar. Vi har gjennom heile prosessen understreka at forslaget ikkje er i tråd med verken EU-retten eller Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), seier direktør Bjørn Erik Thon.
Det har også blitt peika på at ein ikkje må hamne i same situasjon som ved innføringa av datalagringsdirektivet. Den gongen vedtok Stortinget å innføre direktivet, men måtte trekke det tilbake på grunn av EU-dommar. No er vi i den situasjonen.
– Vi er nøgde med at dei lovendringane som er foreslått no skal vurderast opp mot EU-domstolen sine avgjerder, seier Thon.
Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har to saker til handsaming som gjeld lovlegheit av masseinnsamling av data. Begge sakene er handsama i EU-domstolen. I følgje ein av saksøkarane, Centrum for Rättvisa, er det venta dom i løpet av året (centrumforrettvisa.se).
– Dersom Sverige og Storbritannia vert dømde i EMD, vil det skape ytterlegare problem for regjeringa, seier Thon.
I juni 2020 ble forslaget til ny lov om etterretningstjenesten (e-lov) vedtatt i Stortinget. Sjelden har et overvåkningstiltak vært gjenstand for så mye debatt og kritikk. Det er selvsagt en tid for alle, også for oss i Datatilsynet, å sette punktum. Men vi må vente litt.