10. desember
Også på Nordpolen har dei fått opp auga for målretta marknadsføring. I dagens #juletilsyn ser vi på juleoppdateringane mange raust deler mellom anna på sosiale medier, og konsekvensane av dei.
Også på Nordpolen har dei fått opp auga for målretta marknadsføring. I dagens #juletilsyn ser vi på juleoppdateringane mange raust deler mellom anna på sosiale medier, og konsekvensane av dei.
Julebord blir avlyst over ein høghæla sko. Helga blir kanskje fylt med julevask og Insta-venleg julebakst i staden? Og uansett kva du gjer, kjenner du at omverda må bli oppdatert på livet ditt og graden av julestemning?
Julenissen er nyfrelst nettbrukar. For nissen brukar sosiale medier inspirert av adtech for å finne ut kva dei snille barna ønsker seg, no som Schrems II-dommen skapar trøbbel for innsending og innsamling av ønskelister på tradisjonelt vis. (Sjå tilsynskalenderluka 6. desember.)
Han har rett nok innsett at den digitale sporinga av små barn er ein smule unøyaktig, då deira nettbruk ofte skjer på foreldras telefon eller nettbrett. Derfor nyttar han også kunstig intelligens, som blir fôra med barnas tidlegare innsende ønsker, og dermed på samleband kan spy ut prediksjonar á la: "Ola ønska seg radiostyrt bil i fjor. Han ønsker seg truleg nye batteri i år."
Mens vår representant på Nordpolen tek ein adtech-prat med julenissen, kan vi oppmode om å lese Datatilsynets rapport "Hva vet de om deg?" eller vegleiaren "Bruk av personopplysninger til målrettet markedsføring", som vi laga saman med Forbrukarrådet.
Målretta marknadsføring er elles eit heitt tema i EU for tida, der krefter kjempar for eit forbod. Les meir om dette på Politico.eu.