2. desember

Vi er i gang med #juletilsyn av nissen, men sjølv Datatilsynet kan la seg distrahere til tider. I dag har vi hengt oss opp i noko som rett nok ikkje er vår sak å gjennomføre kontroll med, men som både vi og mange andre har vore opptekne av i det siste.

Koronapass_ny.jpg

Omikron er på alles lepper (vonleg mest i verbal forstand.) Folk finn fram munnbinda att, og nok ein gang blir reiser til utlandet lagt på vent. But a man's gotta do what a man's got to do. For julenissen er den årlege pakkereisa sjølve kjernen i forretningsplanen, så det sit nok langt inne å avlyse den. 

Det er fleire sider ved den praktiske gjennomføringa av den turen ein kan undre seg over. Men vi nøyer oss med å krysse fingrane for at han har ein fersk, negativ PCR-test å vise til og eit godkjent koronapass. Eit tips for å unngå forseinking skulda dårleg mobildekning ved grensepasseringane, er å ha eit skjermbilde av koronapasset lett tilgjengeleg. 

Medan han ventar på den årlege pakketuren, kan både julenissen og alle andre lese meir om koronapass på Datatilsynets nettsider.

Les om bruk av koronasertifikat.

Du kan også lese meir om innanlands bruk av koronasertifikat gjennom spørsmål og svar på regjeringen.no. (Og kanskje samtidig sende nokre tankar til julenissen, som potensielt har 197 slike regelverk å forhalde seg til.)