Sandkasse for alltid

I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023 vil dei gjere Datatilsynets regulatoriske sandkasse permanent. Det er difor no opna for å søke om å vere med i fjerde runde med sandkasseprosjekt.

– Det er jubel i sandkassa og heile Datatilsynet, og vi feirar det med å planlegge ein fjerde runde med sandkasseprosjekt, seier direktøren for Datatilsynet, Line Coll.

I Nasjonal strategi for kunstig intelligens (2020) var ei regulatorisk sandkasse lagt til Datatilsynet eitt av dei konkrete tiltaka for å sparke fart i norsk innovasjon på dette feltet. Då det seinare same år for første gang blei opna for søknader, var sandkassa eit prøveprosjekt med lovnader om finansiering over to år. Dei to åra var i ferd med å renne ut no, og i Datatilsynet var det ei viss spenning knytt til sandkassa si framtid.

Ny søknadsfrist

Om statsbudsjettet blir banka av Stortinget i desember utan endringar som påverkar sandkassa, er vegen klar for ein fjerde søknadsrunde til sandkassa. Søknadsfristen blir då 1. februar 2023, med ambisjon om at nye prosjekt startar opp i løpet av våren.

Les korleis du kan søke om å delta i sandkassa.

Les korleis du skriv ein god søknad.

Befolkninga må ha tillit til digitale løysingar for at dei skal vere villige til å ta løysingane i bruk. Eit godt personvern er sentralt for denne tilliten. Regjeringa vil gjere den regulatoriske sandkassa for personvern og kunstig intelligens permanent frå 2023. Sandkassa er eit tiltak for å stimulere til utvikling av personvernvenlege og rettferdige tekniske løysingar, og både offentleg og privat sektor kan få rettleiing i arbeidet med å ivareta personvernet i nye og innovative løysingar.

- Prop. 1 S (2022–2023) - regjeringen.no

Sandkasse med plass til fleire

Samstundes med at Regjeringa vil gjere sandkassa til ein permanent del av linja i Datatilsynet, blir det også lagt opp til å utvide sandkassa til å romme litt fleire enn berre dei som driv med kunstig intelligens. Det vil framleis vere eit tiltak retta mot ny teknologi, men no med den romslegare avgrensinga «personvernvenleg innovasjon og digitalisering».

Hjelpe mange ved å hjelpe éin

Sjølve grunntanken med den regulatoriske sandkassa, er å gi utforskande, dialogbasert rettleiing til utvalte prosjekt i bytte mot full openheit om vurderingane som blir gjort. På den måten byggjer sandkassa opp ein base av praktiske eksempel på eit felt der både teknologien og jussen er komplisert og relativt ny.

Line-Coll-WRA-00722.JPGRundt nyttår blir sandkasseprosjekt nummer åtte, ni og ti avslutta. Med det går sandkassa over i ein ny fase i oppdraget.

– Det er fin timing å gjere sandkassa permanent frå nyttår. Første fase var å byggje ein base av praktiske eksempel. Den skal vi sjølvsagt fortsette å byggje på. Men no som sandkassa passerer sitt tiande prosjekt, blir det auka fokus på å få kunnskapen vi har opparbeida oss ut til verksemder og utviklarar som treng hjelp, fortel Coll. 

Ei meir synleg sandkasse

Metodikken som blir brukt i sandkasseprosjekta er også i tråd med korleis Datatilsynet i større grad ønsker å jobbe framover – med dialogbasert rettleiing og auka kontakt med aktørane i det private og det offentlege.

– Vi gledar oss til å bruke metodikken og den dialogbaserte rettleiinga også på andre områder innanfor ansvarsområdet vårt, seier Coll.

I sandkassa blir det no rydda plass til eit par nye prosjekt, parallelt med at fokus blir retta mot å dele kunnskap og erfaring frå dei gjennomførte sandkasseprosjekta, og ikkje minst formidle praktiske eksempel og råd som kan brukast av fleire.

– Vi håpar verkeleg det blir merkbart for dei det angår, seier Coll.