Personvernomboda – her finn du dei

Korleis finn du eit personvernombud når du treng det? Behandlingsansvarlege som har oppnemnt eit personvernombod etter personvernforordninga, skal orientere Datatilsynet. Vi har no publisert ei oversikt der du enkelt kan søke fram kva verksemder som har meldt inn personvernombod til oss.

I dei fleste tilfella kan du også finne personvernombodets namn og kontaktopplysningar i oversikta.

Denne offentleggjeringa er eit viktig bidrag til at den enkelte innbyggar skal kunne få kjennskap til kva verksemder som har personvernombud. Kunnskap om dette er ein naturleg føresetnad for at den enkelte skal kunne ta kontakt med personvernombudet og søke råd og rettleiing om sine rettar som registrert.

Oversikta er også viktig for at behandlingsansvarlege på ein enkel måte kan sjekke kva kontaktopplysningar til personvernombudet som til einkvar tid er meldt inn og registrert hos Datatilsynet. Datatilsynet har nemleg grunn til å tru at mange verksemder ikkje har rutinar for å melde frå til oss ved endringar i personvernombudsrolla. No er det lettare å sjekke ut det.

Oversikt over registrerte personvernombod