Kontroll av elevar
Alle menneske, også barn og unge, har rett til personvern. Når skulen tar i bruk kontrolltiltak, må dette gjerast i tråd med reglane. Kameraovervaking, rustesting og ransaking er dømer på kontrolltiltak i skulen.
Alle menneske, også barn og unge, har rett til personvern. Når skulen tar i bruk kontrolltiltak, må dette gjerast i tråd med reglane. Kameraovervaking, rustesting og ransaking er dømer på kontrolltiltak i skulen.
Born og unge fortener like mykje respekt for privatlivet på sin arbeidsplass som det vaksne arbeidstakarar gjer. Her finn du meir om kva reglar som gjeld for bruk av nokre kontrolltiltak i skulen.
Skular kan bruke kameraovervaking, men det er ulovleg dersom overvakinga skjer heile døgnet. Som hovudregel godtar ikkje Datatilsynet overvaking av område der elevane oppheld seg (til dømes i skulegarden, gangar eller kantina). Det skal svært mykje til for at overvaking i skuletida vert tillete.
Før kameraovervaking vert teke i bruk må skulen vurdere om kameraovervaking vil hjelpe, og om problemet kan løysast med andre tiltak. Hovudregelen er at kameraovervaking ikkje skal brukast dersom problemet kan løysast, eller risikoen minimerast, gjennom bruk av mindre inngripande tiltak.
Går du på ein skule med kameraovervaking, skal leiinga på skulen kunne gje svar på følgjande:
Som elev har du rett på å få svar på desse spørsmåla. Dersom du likevel ikkje får svar, eller du meiner skulen driv med ulovleg kameraovervaking, kan du kontakte Datatilsynet for å få hjelp.
Generell veiledning om kameraovervaking
Nokre elevar opplever at skulen krev urinprøver for å avsløre eventuelt rusmisbruk blant elevane sine. Nore skular driv også med såkalla førebyggande rusaksjonar der politiet kjem inn i klasseromma med politihundar som snusar på elevar og sekkar sjølv om dei ikkje er mistenkte for noko. Dersom din skule gjennomfører slike aksjonar, kan det vere greitt å vere klar over følgjande:
Andre eksempel på kontrolltiltak kan vere loggføring av elevane sin internettbruk, eller bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine PC-ar i sanntid.
Skuleeigar kan loggføre internettbruk når formålet er å kontrollere tryggleiken i informasjonssystemet. Skuleeigar må imidlertid passe på å informere elevar og føresette tydeleg om at elevane legg spor etter seg når dei brukar IKT-utstyr på skulen sitt nett. Skuleeigar skal også opplyse om i kva tilfelle desse spora vil bli undersøkte, og om kvifor skulen gjer dette.
Bruk av klassestyringsverktøy som gjer det mulig for læraren å gå inn på elevane sine maskiner i sanntid, må vere godkjend av eleven i det enkelte tilfellet. Også for desse verktøya må skuleeigar informere elever og føresette tydeleg om korleis verktøya fungerer, i kva tilfeller dei blir tekne i bruk og kva for regler som gjeld for bruken.
På denne siden kan du sende inn et skjema. For å gjøre det må du først akseptere en cookie. Du kan trekke tilbake samtykket når som helst ved å velge «administrer cookies» nederst på våre sider.
På denne siden kan du sende inn et skjema. For å gjøre det må du først akseptere en cookie. Du kan trekke tilbake samtykket når som helst ved å velge «administrer cookies» nederst på våre sider.