Utgreiinga føreslår eigne rutinar, tidsfristar og ein sentral ekstern varslingskanal for varsel om brot på bestemte EØS-regelverk, mellom anna personvernforordninga. Forslaget vil derfor ha store konsekvensar for Datatilsynet, dersom det blir gjennomført. Utvalet føreslår ein eigen EØS-varslingslov, som skal kome i tillegg til varslingsreglane vi har i arbeidsmiljølova i dag.
Støtter ikkje forslaget
Hovudsynspunkta i Datatilsynets høyringssvar er:
- Datatilsynet støttar ikkje forslaget om å opprette ein sentral, ekstern varslingskanal.
- Dersom det blir oppretta ein sentral, ekstern varslingskanal, er Datatilsynets klare oppfatning at tilsynet ikkje kan bli utpeikt til sentral ekstern varslingskanal.
- Lovforslaget gjev Datatilsynet aktivitetsplikt for ei rekkje varsel, som vi i dag får inn som tips. Vi estimerer eit meirarbeid på 6-12 årsverk.
- Lovforslaget innfører klare fristar for klagesaker, som samtidig blir rekna som varsel. Vi bruker i dag store ressursar på desse sakene og estimerer at 2 stillingar vil vere nødvendig for å oppfylle fristane i lovforslaget.
- Datatilsynet ønskjer klarare reglar for personvern i varslingssaker, både for varsel, i tråd med lovforslaget og for varsel som i dag følgjer arbeidsmiljølova. Også Arbeidstilsynets høyringssvar peiker på behovet for klarare reglar både i og utanfor forslaget til EØS-varslingslov.
Les heile høyringa og alle høyringssvara til utgreiing om gjennomføring av varslingsdirektivet (direktiv (EU) 2019/1937 ) på regjeringen.no.
Last ned
Høyringssvar frå Datatilsynet - Gjennomføring av varslingsdirektivet i norsk rett (pdf)